4.8. Spegelvending

Når du har bruk for at personen på biletet skal sjå den andre vegen, eller at toppen av biletet skal vera botnen, då spegelvender du biletet. Vel Verktøy → Transformer → Spegelvend på hovudmenyen eller bruk knappen i verktøykassen . Når du har vald verktøyet, klikk på lerretet i biletet. Du kan velja mellom å spegelvenda vassrett eller loddrett.

Når du har markert for spegelvendinga i verktøykassen, klikk inne i biletet. Biletet vert no spegelvend vassrett. I verktøyinnstillingane kan du velja om verktøyet skal spegelvenda vassrett eller loddrett. Dersom innstillingane ikkje er synlege under verktøykassen, dobbeltklikk på verktøysymbolet. Du kan også bruka tasten Ctrl for å veksla mellom dei to retningane.

Biletet nedanfor viser alle moglege former for spegelvendingar:

Figur 3.26. Eksempel på spegelvending

Eksempel på spegelvending

Originalbiletet

Eksempel på spegelvending

Vassrett spegelvending

Eksempel på spegelvending

Loddrett spegelvending

Eksempel på spegelvending

Vassrett og loddrett spegelvending